Agrare kulturminne av uviss alder. Området inneheld ein liten åker og nokre steingardar av forskjellig alder. Den fossile åkeren ligg A for der traktorvegen endar. Åkeren er avgrensa av ein steingard i V og av ur i S. I A vert åkeren avgrensa av ein steinstreng, dvs ein nedrasa steingard. I N vert åkeren avgrensa av ei åkerrein. I nedkanten av den ligg det to rydningsrøyser. Inne på åkeren ligg det i alt 5 rydningsrøyser og ei naturleg steinsamling som det er kasta noko rydningsstein på. Dette er ein fossil åker som har vore nytta til jordbruk. For å få åkerreiner og rydningsrøyser krevst det at området vert dyrka, ikkje berre slått.