Beskrivelse fra lokalitet:
Kvartsittavslag
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Storleiken og forma til flyttblokka gjer at den dannar små hellarar inntil den. Dei to fyrste positive stikka vart tekne innan 1 m frå steinen. Det fyrste ved SA-kanten, det andre midt på N-enden. Det siste vart funne 3 m frå SV-leg kant på steinen. Alle avslaga er av kvartsitt. Halvparten er av rein kvit type, medan resten er grøne eller brune og med striper. Dei to fyrste vart funne inntil SA-leg hjørne av steinen. Nr 1 er kvit og er 0,8x1,3 cm. Nr 2 er mørkegrøn med striper og er 0,6x1,2 cm. Dei to neste låg inntil N-enden på blokka. I same ps vart det funne brune glasskår. Nr 3 er nesten kvit, gjennomsiktig og er 0,9x1,1 cm. Nr 4 er lys grønaktig med striper og måler 0,5 x0,9 cm. Nr 5 er kvit og 0,9x1,6 cm. Nr 6 er skitten kvit o g er 0,7x1,3 cm. Nr 7 er brunkvit og er 0,8x1,2 cm. Nr 8 er grågrøn og er 0,6x0,8 cm.