Fra Per Fett, 1954: Dei er om lag så vide som vanlege graver og synest ikkje vere lagde i nokon orden. I ytre kanten av flata vart det grave til botnen i ei av dei: fk. 3/1. Grav, var 2 m djup, graven ned gjennom lag av matjord, fjøresand og kviksand nedst. På botnen var restar av kol, og neter av hatl og eik. Fk. 3/2. Grav låg nær søre kanten, der fann dei ein kljåstein, som skal vere send til B. M. Fk. 3/3. Grav låg i nærleiken av fk. 3/2, der vart funne B10665 saman med restar av kol og neter. Der er mogeleg her finst urørde graver framleis.- Både Bendixen og Olafsen tenkjer seg at det kan ha lege haugar her. Det er ukjent no, sjå og fk. 11.