Fetts fk. 1/1 = Grav utan synleg merke over jorda, funnen ved dyrking i ein liten bakke fremst på Eiki, 5-6 m skrått opp for staden der eika stod. Bortkomne saker frå mannsgrav låg spadedjupt i jorda utan anna gravanlegg. Der var ikkje kol. Fetts fk. 1/2 = Haug av stein og jord "der blev ryddet på bøen", der det vart funne ein gullring. Fetts fk. 1/3 = Haug av stein og jord, bortrudd. Låg "ikke saa langt fra" fk. 1/2. B4263. I 1889 var det ennå "spor efter gravhauger nedenfor husene". Haug fk. 1/2-3 og desse "spor" har truleg lege på Heiaberg.