• 101208

    id
    • 101208
    navn
    • Utne hotel
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Utne ligg sentralt i leia langs Hardangerfjorden, og det er nok ikkje tilfeldig at det vart lagt ein gjestgjevarstad her. Peder Børsem er den første vi kjenner som gjestgjevar. Han fekk bevillingsbrev i 1722. I 1789 var Johannes Winæs gjestgjevar. Utne vart den sentrale handelsstaden i Indre Hardanger. I 1828 overtok dei to sønene hans verksemda: Jacob som handelsmann og Johan som gjestgjevar. I 1829 vart det oppretta skysstasjon, og gjestgjevaren fekk stasjonshaldet. Dei nye gjestgjevarstadane etter forordninga av 1648 overtok òg tinghaldet, der dei låg høveleg til. På Utne-tinget møtte bønder frå heile distriktet, noko som gav god omsetnad for gjestgjevaren. Det var tingstaden frå 1728 som la grunnen for framvoksteren av den seinare strandstaden utover på 1800-talet. «Tingstova» som ligg like aust for hotellet, er sannsynleg oppsett på denne tida. Bygningen har fungert som både våningshus og tingstove fram til 1920-åra. Hardanger var òg eit av dei viktigaste områda for turisme på 1800-talet. I 1853 opna dampskipstrafikken rute mellom Hamburg og Bergen, og frå 1861 skaut næringa fart då turistar og andre reisande kunne ta «dampen» vidare innover fjorden til Hardanger. Torbjørg Utne gjorde hotellet vidgjete. Ho var vertinne i 70 år frå 1832 og gjekk under namnet «Mor Utne». Gjesteboka som enno finst på hotellet på Utne, viser at mange kjende personar har vore gjestar: Hit kom Ole Bull, Peter C. Asbjørnsen, Adolph Tidemand og Hans Gude. På hotellet var det òg engelske turistar, og det vart halde gudstenester på engelsk heilt fram til våre dagar. Delar av hotellbygningen som står i dag, skriv seg frå 1700-talet, men fleire ombyggingar og moderniseringar har gjeve bygningen eit eksteriør prega av nøktern, men typisk sveitsarstilutforming frå andre halvdel av 1800-talet. Den nyaste delen av hotellet er eit tilbygg med matsal og kjøken, oppført i 1930. Kjøkenet er seinare utvida og modernisert, men matsalen er som han vart laga i 1930. Salen vart utsmykt i samarbeid med arkitekt Torgeir Alvsaker. Hovudtyngda av gjesteromma ligg i andre og tredje høgda. Det lafta naustet er truleg frå 1600-talet. Naustet høyrer til det eldste bygningsmiljøet på Utne. Naustet / rorbua vart òg brukt som kvileplass under fisket.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-10-26T10:28:34Z
    kommune
    • 4618
    kulturminneId
    • 101208
    antallEnkeltminner
    • 4
    lokalId
    • 101208
    lokalitetsart
    • 20200
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 2006-07-18T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    datafangstdato
    • 2006-10-26T00:00:00Z
    opprettet
    • 2006-10-26T10:28:34Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z