To lange steinar, mogeleg bautasteinar. Det er mogeleg at dei har kome hit med skrede, silk det er nemnt i litteraturen. I så fall har dei stått eit stutt stykke N eller kan hende S for Agatunet. Nr. 1 er av tolleg hard gråstein og ligg i bru over Storebekken. 3,2 m lang, 20-30 cm tjukk og 1/2 m brei, og har merke etter tilhogging på eine sida, truleg avslegen. Nr. 2 ligg i fjøra eit stutt stykke nedanfor 1, har lege i ei bryggje som no er borte, halvt tildekt med sand og fjørestein. Han er over 3 m lang, 50-60 cm brei og over 20 cm tjukk. Ytste enden er sundsprengd. Er laga av ein blågrå, hard og fin skifrig stein, som ikkje skal finnast elles på garden.
Synfaring 21.05.2026: Steinen som vart flytta opp i Agatunet i 2015 er flytta frå Lagmannsstova og ligg no utanfor Ådnesløa. Steinen har skader i overflata. Foto er oversendt Universitetsmuseet. Museet vurderer at steinen sannsynlegvis er bygningselement frå ei etterreformatorisk brygge. Museet tilrår at dei 2 øvrige steinane funne i fjæra bør vurderast nærare (2026/25452)