• 102127

    id
    • 102127
    navn
    • Hereid - Fetts fk. 5/1-?, Skjeldbrei
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    informasjon
    • Gravflokk på Skjeldbrei. Her var mange røysar, no ingen att. Bøe såg to stykke i 1931, på jordskiftekart er avmerkt 8. Bendixen nemner serskilt 20, dertil haugar i ubunde fleirtal. Framstellinga her bygger fyrst og fremst på Bendixen, supplert med andre kjelder. Fk. 5/1 = Røys, bortrudd etter 1931. Var etter Bøe oml. 20 m i tvm., ikkje over 1 m høg, hadde veldige randsteinar, var noko skadd. Avmerkt på jordskiftekart, og er visseleg nr. 2 av dei Bendixen nemner. Då dei køyrde røysa bort, fann dei ingen ting, såg heller ikkje spor etter grav. Kol i jorda attmed røysa, ikkje under. Fk. 5/2 = Røys, låg etter jordskiftekartet oml. 5 m S for fk. 5/1. Etter Bøe 4 m i tvm. Fk. 5/3 = Røys, 12 m (20 skr.) tvm. låg, oml. 30 m (50 skr.) frå fk. 5/1. Ei røys på jordskiftekartet med litt kantet skap låg 6-8 m NV for fk. 5/1. Det er uvisst om det er den same, og om røysa på kartet er gravrøys. Fk. 5/4-7 = Fire små røysar, låg S for fk. 5/1-2. Ca. 30 m SSO for fk. 5/2 har jordskiftekartet to røysar på 4-5 m tvm. Fk. 5/8-19 = Tolv røysar, låg "nogenlunde jevnt fordelt i 2 eller 3 rækker", den største 6 m (10 skr.), den minste knapt 3 m (5 skr.) i tvm., alle låge. På jordskiftekartet er avmerkt to røysar, 10 og 8 m tvm., oml. 4 m frå kvarandre, 20 m SV for fk. 5/4-7. Under ei lita røys eit stykke S for fk. 5/1, truleg i stroket fk. 5/4-19 vart gjort funn: øks, piler, låg nær saman 1/2 m under bakken. Sakene kom fram ved dyrking etter sjølve røysa vart bortkøyrd, og skulle vera sende til B. M. Ei samling med ti piler, B6731, kjem truleg nærast. Fk. 5/20 = Røys, lita, bortrudd før 1891, låg litt N for fk. 5/8-19. Her var funne kol, ein knivspiss og ei mesingkule(?). Fk. 5/21 = Røys, var ca. 25 skritt (20 m) i tvm., 1 1/2 m høg, søkk i midten. Låg "et langt stykke" S for fk. 5/4-20 i småskogen. Etter samanhengen skjønar ein at Bendixen enno ikkje er komen sør på Hæreidsmoen. Det må ha vore sør imot bøgarden. Fk. 5/22 = Røys, låg 6 m (10 skr.) NO for fk. 5/21, lita og låg. På jordskiftekartet avmerkt røys oml. 8 m tvm., 120 m SSO for fk. 5/1. Truleg den same. Fk. 5/23 = Haug, var "riktig svær", borte før 1891. Der skulle vera funne ein gullring. Fk. 5/24-? = Haugar, omtala i ubunde fleirtal saman med fk. 5/23, borte før 1891, låg O for gruppa fk. 5/8-19.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-11-22T14:20:32Z
    kommune
    • 4619
    kulturminneId
    • 102127
    antallEnkeltminner
    • 24
    lokalId
    • 102127
    lokalitetsart
    • 20109
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1954-01-01T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2006-11-22T14:20:32Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z