Det er sagn om en "dauseiler" knyttet til Seglefjellet ved Fleseland. Signaturen "G.F." skriver følgende i Farsunds Avis i 1950: "Seint ein joleaften gjekk ein mann frå Fleseland og slentra i gatene i London. Det var grått og ufyse vær, og mannen var i ulag. Skipparen hadde lova at dei skulle vera heime i kveld - kvar hos seg - og her gjekk han. Men så råka han reint uvills på ein mann han tykte å dra kjensle på - utan å vita kven han i grunnen var. Hadde han sett mannen fyrr - eller - nei, sanneleg om han visste det! Men mannen stogga - handhelsa og tok til å røda. Kvifor han såg så sturen og uglad ut? Han fekk snart vita kva som vantar mannen frå Fleseland: "I kveld sit dei heime, både kona og barna og ventar på meg, og her gjeng eg!" "Å, ikke anna," sa framandmannen. "Eg er nett seilklar, men vantar ein. Vil du vera med?" Om han ville, ja. Og det var ikkje lenge fyrr mannen frå Fleseland hadde fått kista si ombord. Dei letta ankar, fekk segla opp og ut bar det for god bør, fortare enn fort. Og om ein augneblink gjekk det i turre lufta. Rormannen vart surra til rattet, og fyrr dei visste ordet av det, låg skipet i Lehnesfjorden. Fleselandsmannen vart sett iland. Men då han undren og glad gjekk opp mot huset sitt, snudde han seg som aller snøggjast og såg ned mot fjorden. Då segla skipet i brot, og brann rett inn i bratte fjellet."