Fk. 2/1 = "Rembelen", haug av jord og stein, 12 x 13 m vid, verka 1,75 m høg, men berre 1 m kunstig påbygd over naturleg grusrygg. Fotkjede av svære steinar. Bendixen 1892 nemner haugen to gonger. Tidlegare utkasta til botnen i midten, utgraven 1892 (B. E. Bendixen). Kolflak tvers over botnen, eit par koldungar. Storparten av oldsakene to stader, saman med brende bein, yja. branngrav, B4927. Sidan det var så stort brannflak, er det all grunn til å tru at haugen var bygd for denne grava. Ved dyrking omkring 1900 kom fram saker frå ei fvt. grav og eit mer. ryggknappspenne, B7509. Det ligg ikkje føre nærare opplysningar om dette funnet. Fk. 2/2-3 = To (eller tre) røysar, låg i nærleiken av fk. 2/1, frå ei av dei er B4835. Fk. 2/4 = Røys, låg O for husa på gnr. 9, bnr. 3. Var lita, truleg gravrøys. Fk. 2/5 = Frå ein haugrest "ved de sydlige hus" B4926.