Før siste utviding av vegen var ca 10m av ufsa raudfarga. Segna seier at det er blodet etter ein ryse som fall her då ein mann i Bruli skaut etter rysen med ei sylvpil. Grannen: "Der var eit brudepar på Galdal som var til Hægebostad og vigde seg. ... På heimvegen måtte dei leggja seg til ovanfor Brulid der som no heiter Bruresengje. For då heldt rysen på å setja stem yver Galdalsvatnet, frå Krogneset til Ydreland. Han hadde fenge sinne på galdølane og so vilde han stemma ned garden. Brudfylgjet lå uppe med Bruresengje um natti. Morgonen etter skaut dei rysen derifrå. Der rysen datt heiter enno Rysefaddet, og han blødde slik at han farga steinane raude kring Rysefaddet. Det gjeng ein sandbanke frå Krogneset til Ydreland. Dei kallar han Jølsbreune. Det kan ikkje vera tvil um at upphavleg hev han heitt Jøtulsbru."