Rund steinblokk som står straks vest for hytta til Ansgar Harbakk. Folk ofra til denne steinblokka i eldre tid. Steinblokka er 3 m lang, 0,9 m brei og 2 m høg. Granen i Åså må vera det same namnet som Grannen på Optedal. Namnet kjem av to ord som er blitt blanda i hop: "Ein grande" = ein grus- og sandbakke og "eit grand" = ei ulykke eller ein skade. Om ein ikkje ofra til steinen, kunne det skje ei ulykke.