• 103326-1

    id
    • 103326-1
    navn
    • Tinghaugen
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    informasjon
    • Her, midt i det gamle tunet på Øvre Øya, låg Tinghaugen, ein stor rund gravhaug, over 3m høg, med ei rund steinsetjing på toppen (sjå Arentz si teikning frå 1805). Der stod 12 bautasteinar i ring og 1 bautastein i midten (men Jens Kraft skriv at der stod 14 steinar i ein sirkel og i midten eit dommarsete). Namnet Tinghaugen kjem vel av vandresegna om tingmenn som sat på kvar sin stein, men det rette er at det var Feda som var tingstaden. Tinghaugen på Øvre Øya blei "undersøkt" i 1833, og i søre kanten av gravhaugen støytte dei på ei steinkiste som var 1,9m lang, 0,6m brei og 0,8m høg. Ho låg vend N-S. Det var tetta med never mellom hellesteinane. Steinkista inneheldt ei rikt utstyrd kvinnegrav med 7 leirkar, 3 trefat med sleiv, fleire draktspenner, eit sylvsmykke og ei hårflette. Rundt 1840 blei bautasteinane og gravhaugen fjerna; under midtsteinen fann dei ei leirkrukke med brende bein i og dessutan bek frå tetting av tre-kar. Her var altså både ei jordfestegrav og ei branngrav i same gravhaugen. Lenge låg det ei grov etter Tinghaugen, den såkalla "Tinggrova". Men no er alt utsletta.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-12-20T09:47:23Z
    kommune
    • 4227
    kulturminneId
    • 103326-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 103326-1
    lokalitetsart
    • 20164
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 63
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 1000
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 2006-12-19T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    opprinneligFunksjon
    • 1700
    datafangstdato
    • 2011-06-28T00:00:00Z
    opprettet
    • 2006-12-20T09:47:23Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z