• 103488-1

    id
    • 103488-1
    navn
    • Dramrikskjerret
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    informasjon
    • Å. Årli: "Segna seier at ein mann frå Karten, ein frå Årli og ein frå Stølen ved Gløvre, drap ein kramhandlar frå Tinn i Telemark. ... Drapsstaden var ved Dramrikskjerret innafor Årli. Dei gamle kunne syna staden der han blei ihelslått og staden der han blei nedgraven. Pengane hans grov dei ned i ei ur i Bankarlia. Men dei grov dei så godt ned at dei fann dei ikkje att. Det har vore folk og leita etter pengane i mi tid. Hesten til kramkaren leidde dei opp på Treskoheia og slo han i hel og la kadaveret under ein heller ved Holekjødn. Dei gamle kunne minnast store hestebein under denne hellaren. ... Sidan har det vore skrømt rundt Dramrikskjerret. Ein mann frå Jerstad .... måtte gå til Årli og overnatta. Då han gjekk framom Skrømtesteinen i Bankarlia, fekk han sjå og høyra noko som han ikkje kunne tala om etterpå. Då han fekk sjå elden i omnen i Årli, blei han så sjuk at det stod om livet. Den som hadde sett og høyrt skrømt, tolde ikkje å sjå eld etterpå. Ei jente frå Årli var inne i utmarka og gjætte krøteret for far sin. Då kom kom til Dramrikskjerret, fekk ho sjå eit lite dyr som kom opp or myra. Det raraste var at dyret vaks og vaks. Ho blei så redd at ho blei mest vetskræmd og sprang frå krøterflokken. ... Bestefar til Sakken i Stolpan hadde vore ein tur i Hægebostad. Då han kom til Dramrikskjerret, fekk han sjå ein gråkledd mann som ropte at han måtte stoppa, han hadde noko å preka med han om. Sakken sin bestefar såg at dette var ein gjengangar. Han gjekk i klede han hadde med seg or grava."
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-12-24T18:41:10Z
    kommune
    • 4227
    kulturminneId
    • 103488-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 103488-1
    lokalitetsart
    • 2239
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 63
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 1000
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • UAV
    vernedato
    • 2006-12-24T00:00:00Z
    opprinneligFunksjon
    • 2200
    datafangstdato
    • 2006-12-24T00:00:00Z
    opprettet
    • 2006-12-24T18:41:10Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z