"Ei segn fraa Rafoss ... fortel um ein mann som fylgde etter ein som hadde drepe broren. Daa drapsmannen ikkje kunde koma undan paa onnor vis vaaga han spranget yver strupen paa fossen, umlag 8 meter, og kom yver. Hin sprang etter men for i fossen. Her kom drapsmannen til og drog han upp att. Dei skildest daa vener og vel forlikte." "Det gjeng ei segn i dalen um ei gjenta som gjorde same storspranget. Ho var dømd fraa livet for ei ugjerning, kva det var, men vilde ho heller hoppa yver fossen so saag ho det sjølv. Ho greidde spranget og gjekk sidan fri. Mange trur at glipen yver fossen maa ha vore trongare fyrr, um segnerne byggjer paa røynlege hendingar."