• 103563-1

    id
    • 103563-1
    navn
    • Englemonen
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    informasjon
    • "Paa Rafoss i Kvinesdal livde ein gong ein mann som heitte Stebaggje. Sume trur han var konge, men kva tid han livde veit ingen aa segja. I hans tid var me i krig med engelsmannen. Det kom ein engelsk her iland paa Øya og herja uppetter dalen. Daa Stebaggje fekk høyra dette samla han folk og heldt slag med fienden paa Englemoen ovaum Aamot i vestre dalen. Enden paa ota vart at engelsmannen laut ta floget. SUme seier at Englemoen hev namnet fraa dette, men andre segjer moen heiter so av di likfylgjet som kom med Besse i Knaben høyrde englesong daa dei for framum her. Paa Øvre Eikeland budde den gongen ein mann som hadde 12 søner og 13 hestar. Eikelandsbonden hadde set engelskmannen vart jaga og for til aa fæla at han no vilde snu paa Liknes og koma upp austre dalen. Han fekk sala hestarne i ein fart, og dermed tok han og sønerne til aa rida rundt "Endelaushaugen". Engelskmannen trudde det var ein stor her med folk og hadde seg ned att til sjøen snarast raad var. ... Paa Englemoen skal dei av og til ha funne gamle vaapen i jordi." "Besse Knaben er vel den einaste bondehelgen segni veit um fraa vaare kantar. Han kune faa votterne sine til aa hanga paa solstraalarne. Ein dag fekk han det ikkje til. So tenkte han yver kva synd han kunde ha gjort og kom i hug at han hadde gjenge framum eit bygaks som laag i vegen, og ikkje teke det upp. Han snudde, fann akset og tok det med seg, og sidan var det ingen vande med vottarne. Besse hadde 6 gamle mil aa gaa til Liknes kyrkja, endaa var han fyrste mannen med kyrkja joledags morgon. Men ein joledag sakna dei han. "Han kjem nok, anten daud eller livnade", sa presten. Og rett nok! Med dei saag uppetter vegen tok kyrkjeklokkorne til aa ringja av seg sjølve, og daa kom fjotlændingarne med liket hans Besse til Neset. SUme kvinesdøler trur at Englemonen ovanum kyrkja hev namn av at likfylgjet høyrde englesong daa dei kom dit med Besse. Paa Knaben er det eit sæte i berget som heiter Bessestolen den dag idag. Der heldt Besse bøn kvar morgon. Paa Hauland i Liknes er Bessebordet. Der heldt han maaltid naar han var til kyrkje."
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-12-26T13:43:41Z
    kommune
    • 4227
    kulturminneId
    • 103563-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 103563-1
    lokalitetsart
    • 2239
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 63
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 1000
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • UAV
    vernedato
    • 2006-12-26T00:00:00Z
    opprinneligFunksjon
    • 2200
    datafangstdato
    • 2006-12-26T00:00:00Z
    opprettet
    • 2006-12-26T13:43:41Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z