"Ein gong for lenge sidan kom det burt 2 born fraa Guddal med dei laag paa stølen sin um sumaren. Dei leita i 8 dagar, so høyrde dei so unders ven song i lufti, og gjekk etter ljoden. Rett nedunder der dei tykte songen let fann dei borni døde. Det kann vera ein fjordung veg fraa stølen deira Guddal. Dei kalla lidi for Salmelid sidan, og der er no gard. Ein aaker paa Salmelid heter Bodnaakren den dag idag. Og just der skulde det vera dei fann borni."