"Det var ein gong ein mann paa Birkeland som tok upp ein bytestein og kasta i Svinnlandstjødna. No gjeng han i Birkelandsskogen myrke neterne, vil faa steinen paa plass att; men kvar gong han fær han paa kneane lyt han sleppa att, og daa illskrik han so fælt. Folk skal ha høyrt han mange gonger."