"Det var tvo brør som tok til aa rydja gard i eine enden av vatnet. So saag den yngste burt i hin enden av vatnet og tykte der var finare. Han vilde dei skulde slutta arbeidet der dei var og fara til andre enden. Broren vilde ikkje vera med paa dette, men hin tok arbeidskvelden og gjekk. "No gjeng eg!" sa han. "Ja gaa du, din ubore!" sa broren. Det var til det at dei tufta der yngste broren vilde, men Uborsheia vart garden heitande etter di eldste broren hadde skjellt hin for ubore."