Digre steinblokker med eit samansurium av holrom og gangar under. Liggjeplass til 5, fordelde på ulike stader. Her løynde folk seg når findtlege skip nærma seg land under Napoleonskrigen. Rundt 1820 kom eit russisk skip inn te Rasvåg. To fangar lurte seg i land, og Rasvåg-folk synte dei Storsteinsdalshelleren der dei fekk løyna seg. Gunnkjerstina Hummarås bar ut mat til dei, men i to veker laut dei svelta, for russarane var ute og leitte etter dei, og russarane hadde lovt dusør til den som kunne finna dei. Då russarane seilte vidare, fekk dei to rømlingane fritt leide med ein annan båt til Holland.