"Det er segn om ein ... fredlausing som heldt seg i Manneskardheide. Um nettene var han nede på garden og stal mat. Dei var av stad og leitte etter han tak på tak, men han hadde so god ein gøymestad at dei kunde ikkje finna han. Men so kom dei yver han ein gong han var ute av hola si. Då tok han på sprang burt Manneskaret. Og han sprang slik at ei fòra av berrfoten hans stend i berget den dag i dag. Men dei fekk tak i han og drap han."