"På austsida Netlandsvatn er ei slåte og noko vedskog. Lendet er blitt romslegare der ikring, men er elles svært ulendt til alle sider. Bak er det fjellet med ei bratt li oppover, framføre ligg vatnet, og nord ei stor ur og bergskråning. Etter segna budde det folk i gamal tid, og han som budde der kalla dei Sven i Bjørgja. Sven skulle vera komen frå Seljord i Gyland før han busette seg der. Det er fortald, at då han var i Seljord kom det eingong ei fantekjerring av lappeætt, og folk trudde ho var kunnig i trolldom. Sven ville prøva det ut og skar seg ei grindesviga og jaga fantekona føre seg helt til Sandvatn, men ho fekk ikkje gjort han noko. Hadde ho kunna noko, så hadde ho gjort det, sa Sven sidan. - Sven skulle eksera på Lendemonen, men møtte ikkje fram. Kapteinen ville ha nokon til å henta han, og Osmund Hjelleset baud seg til, "så får eg sjå heim til kona med same", sa han. Osmund gjekk. Men Sven skulda på at han ikkje kunne koma før kona hans hadde laga noko niste åt han, og Osmund laut gå attende åleine. Kapteinen blei vond og ville senda folk og henta Sven. Men Osmund sa at han trudde nok Sven kom når han fekk rettleid seg. Jau, Sven kom, og så laut han fram for kapteinen, som brukte ein stor munn på han for at han ikkje var komen på tida. Sven svara: "Var det 'kje anna du ville, så kan eg gå att." Og dermed gjekk han. Då han kom opp i Birkelandsbakkarne skar han seg ein bandstake og stilte seg opp attmed vegen, for han venta dei skulle koma etter og ta han. Men dei kom ikkje, og Sven stod og heldt tvihendt i staken ein bil, og då ingen kom, strauk han heim til kona - og slapp med det."