"Attmed Øysævatnet i bumarka av Klungland er det ein dal som heiter Jomfrudalen. Om denne går det segn at det gjekk to jomfruer der etter dalen. Så kom det ein rise og ville ta dei. Den eien sprang då frå ein odde over på ei øy i Øysævatnet. Den andre orka ikkje eit slikt sprang, men tok tak i fjellet og heldt seg fast. Merket etter taket hennar viser ennå. Dei kallar det Jomfrutaket. Og der den andre sprang over, heiter Jomfruspranget."