Rideveg, i bruk til 1930-åra. Frå Roland bru og nordover fylgjer ridevegen vekselvis austsida, vestsida og austsida av eit steingjerde. På toppen av kleiva ligg det to vardar austafor vegen. Vidare ligg det tre knyllingar bortetter vegen. Ei strekning på flatheia (Apåslandsheia) er hôlveg. Der vegen kryssar kommunegrensa, står det ein høg oppreist stein, Langesteinen. Vidare nordover ligg vegen attgrodd, men han fylgjer nok hogsteskogbytet mellom gnr. 31 bnr. 2 og 3 over Mannevikheia, og han fylgjer nok hogsteskogbytet mellom gnr. 31 bnr. 1 og 2 over Rolandsåsen.