Rideveg, i bruk til 1930-åra. Vegen fylgde truleg den tidlegare gardsvegen frå sjølve Roland opp til gardsbruket Kaddansmyra under Roland. Vegen er ein tydeleg sledeveg frå Kaddansmyra inn til ei bru. Vidare visest han av og til som ein hôlveg eller som eit djupt trakk, men han har grodd mykje att. Kaddanskleiva er oppstigninga til Kaddansheia. På Kaddansheia ligg det mange rare steinar på snaue berg (varde, varde, bedarbås, steinar ved steinblokk, to fylde likkviler, ei opa likkvile, ei opa rund likkvile og ei fyld rektangulær likkvile). Vegen vidare fylgjer strengen nordover mellom Apåsland og Kaddan til over Tvørrbekken, deretter svingar vegen mot nordaust langs Mjunelia og blir etter kvart traktorveg i retning av Kaddan..