Rideveg og stølsveg ("Øydgardsvegen"). Nedanfrå går han oppfor Fjordungsbergjet (her var ein komen ein fjerdedel av strekninga inn til der stølane begynte), og så går han nedfor Hallkleiv (namnet kjem av at kleiva hallar nordover). Han var i bruk på denne strekninga til 1970-åra då det blei bygd ein mellombels traktorveg rundt berget nærare Landalsånè, og denne mellombelse traktorvegen kom til å inngå i ein skogsbilveg frå 1991..