SÆVARHAGEN 1: Svaberg med 3 skålgroper. Feltet ligg like ved fjorden (21 m frå flomål) Fjorden rett vest for feltet. Aust for feltet ligg ei brunmåla garasje (avstand frå garasjens SV-hjørne er 9 m). Sør og nord for feltet ligg to gamle umalte naust: Avstand 4,5 m frå NØ-hjørnet av det i sør og 3 m frå SØ-hjørnet til det i nord. 13 m i nord ligg det SØ-hjørnet til våningshuset til gnr 3 bnr 1 (hovudbruket). Dette huset er kvitmåla og med bra skiferheller til tak. Alle mål her er tatt frå grop 2. Svaberget skrånar litt mot sjøen i V og har 3 skålroper. Grop 1: 8,5 cm i ytre diameter, botnen 1,5 cm i diameter. Grop 2: 11 cm ytre diameter, botnen 1,5 cm i diameter. Senteret i denne gropa ligg litt sør for midten. Grop 3 varierar frå 6-7 cm i ytre diameter, 1,5 cm diameter i botnen. SÆVARHAGEN 2: 6 skålgroper på en blokk. Denne var satt inn i et båtnaust. Blokka er 1,4 x 0.8 m i mål. Den ligg i sekundær kontekst i ei båtstø. Vestligste ende omlag parallelt med sjøen ved flo sjø. 13 m NØ for blokka ligg eit naust med oransjefarga naustdørparti og tørrmura stein til langveggar (mål tatt frå naustet sitt SØ-hjørne). 19,5 m NV for blokka står ein bergvegg med svakt skrånande heng.