På lok 1 var det opna 7 sjakter, 3 av desse er funnførande med funn i form av stolpehol, kokegroper, eldstader og andre meir udefinerbare strukturar. Totalt vart det registrert 45 strukturar. Overdekninga i sjaktene besto av 30-60 cm matjord. Undergrunnen varierte frå fin sand til grus. Strukturane bar preg av å vere forstyrra av moderne aktivitet.