• 105977-1

    id
    • 105977-1
    navn
    • Seljestad - A:51
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Det ser ut som om ytterkanten av røsteplassen er avgrensa med mindre, kantståande, heller. Anlegget er nokolunde rektangulært i flata (kan skuldast vegen), men endane er svinga ut frå berget mot ein annan, slik at planet truleg hadde utgjort ein halvsirkel om ikkje vegen hadde skåre over ytste skalken. Lengda er ca 1,8 meter, breidda vèl 0,5 meter og orienteringa er SSA - NNV. Ein kan òg sjå ut frå profilen på bergflata at overflata har gått i ein boge (halvsirkel) der høgste punktet er om lag 0,5 meter oppe på berget. Denne "haugen" har mest truleg vorte skrapt delvis bort når vegen til Gamlestølen vart laga. Heilt opptil, mot SSA, ligg ei tilstøytande samling slagg. Denne er ca 1 meter i lengderetningen SSA - NNV og vèl 0,5 meter i breidda. Kan sjå ut som om den er mindre skadd av vegarbeid. Eit spørsmål er om det her er snakk om to brenningar i eit anlegg, eller to separate anlegg. Næraste anlegg er A:43 (kolgrop), som ligg 40 meter mot ANA. Ei anna kolgrop, A:33, ligg 200 meter mot ANA. Malmen som er brun og ganske porøs, har og antydning til renning, dvs at den er brent på så høg temperatur at slaggutskilling har teke til. Det var viktig å få brenna ut alt organisk materiale før malmen skulle i jernvinna. Malmen måtte òg lagrast tørt før brenning i jernvinna. Truleg noko skadd av vegen som går forbi til Gamlestølen, sidan myrmalmen ligg eksponert i overflata. Beskrivelse fra Enkeltminne: Røsteplass påvist i samband med registrering av hytteplaner for Seljestad. Lokaliteten er mykje skada av ein eldre traktorveg inn til gamlestølen. Restane av staden ligg inntil ein bergskolt av fyllitt. Her er synlege spor etter brenning. Mykje jernutfelling er og synleg i det elles blålege fyllittberget. i frå grøfta til vegen er det samla inn nokre døme på røsta myrmalm.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-02-05T12:09:15Z
    kommune
    • 4618
    kulturminneId
    • 105977-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 105977-1
    lokalitetsart
    • 20111
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 63
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 1000
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • AUT
    vernedato
    • 2000-08-25T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    opprinneligFunksjon
    • 2300
    datafangstdato
    • 2000-08-25T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-02-05T12:09:15Z
    oppdateringsdato
    • 2020-01-27T20:13:20Z