• 106122

    id
    • 106122
    navn
    • Vikse - Fetts fk. 2/1-3
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    informasjon
    • Fetts fk. 2/1: Røys. Ho vart utgraven 1954 (Egil Bakka), men var då heilt overdekt av mold, som må ha sege ned over ho frå pløyinga i bakken ovanfor. Ho var bygd på den gamle overflata, visseleg som jordfri røys, meir enn 20 m lang O-V, 1 m høg, minst 10 m brei, men ei uviss mengd stein er køyrd bort. Steinen var frå løftestein til 1 m i tvm., eit par jordfaste. I nedre kant var steinane serleg store. Grav I låg nær vestre kant, kiste bygd av kantsette heller, 3 m lang mot S frå ein jordfast stein, 90 cm brei, 50 cm djup, helledekt. Sørgavlen var ein tosteinsmur. Botnen hallar sterkt etter bakken, men har vore noko oppretta ved å sope jordmassar frå nordenden til sørenden før kista vart bygd. Her låg B10890 I, mogleg i ei indre trekiste. I nordenden leirkrukke, gullnål, bronsespenne, S for midten kniv o. a. Sørenden har visstnok vore plyndra. Grav 2 låg 7,5 m O for 1, helledekt mura kiste 2,50 m ONO-VSV, men austre ende forlengd med eit lite rom utan helletak, i alt 3,25 m langt, 120 til 180 cm breitt, rundt 50 cm djupt. Dei fire hellene hadde vore nedlagde etter tur frå O til V. Botnen var småheller på eit lag av røysa. Etter gravlegginga med B 10893 I hadde kista vorte fyllt med jord, der det fanst slagg og leirkrukkeskor frå B 10893 II. Øks, saks, bronsespenne i austre ende, kniv midt ved sørveggen, leirkrukke, eldstein i vestre ende. Krukkeskor under botnhellene. Kolflak 3 m SO for grav 1, 85 x 60 cm, under heller. Tenner av hest? 1,5 m S for grav 1. Det såg ut som at ein bautastein hadde stått litt N for kolflaket, nå knekt i to stykke som ikkje passar heilt saman, 80 og 85 cm lange, 24 cm brei, 22 cm tjukk. Fetts fk. 2/2: Bautastein, om lag 1 m høg, 40 cm brei, 20 cm tjukk, nærast trekanta i tverrsnittet. Fetts fk. 2/3: Bautastein.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-02-07T11:54:49Z
    kommune
    • 4612
    kulturminneId
    • 106122
    antallEnkeltminner
    • 3
    lokalId
    • 106122
    lokalitetsart
    • 20164
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1954-01-01T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    datafangstdato
    • 1954-01-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-02-07T11:54:49Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z