Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet 2 Ein mindre funnstad på ei markert berghylle rett nord for Hellandstraumen på austsida av Kråko. Her vart det berre funne eit mogleg avslag i bergkrystall. Det vart gjort ei intensiv prøvestikking i området, men det vart ikkje gjort fleire funn. Det er difor nærliggande å sjå dette som eit streiffunn utan nokon god kontekst og slik ikkje sjå dette som eit bandlagt område.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av eit avslag i bergkrystall. Funnstaden er undersøkt med fleire prøvestikk, men her er ikkje gjort fleire funn. Truleg er dette ein liten funnstad.
29.04.2024: Vurdering i samband med utarbeiding av ny reguleringsplan. Vernestatus endra frå "uavklart" til "ikkje-freda" basert på opplysningar frå registrering i 2003