Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg på ein flate i terrenget, like sør for ein utstikkande bergkolle. Her er i dag innmark på bruket Segelgjerde 85/2 under garden Hovland. Vel 50 meter sør for funnstaden ligg i dag våningshuset. På ØK kartet er det markert ei mindre bu i nordre enden av tunet, denne er i dag ikkje synleg og det er fri sikt frå tunet og bort til lokaliteten. Like aust for funnstaden går riksveg13, vel 5 meter opp forbi. Veglinja går her på ein mura kant, som er lagt inntil bergkollen lokalite-ten også ligg innunder. Frå sør, aust og vest er det lett tilgang til funnstaden, frå nord må ein nedbergskrenten og gjennom noko lauvskogkratt. Flaten skrår slakt ned mot ein bakkekam, som igjenskrånar jamnt ned mot sjøen. Her er i dag eplehage. Like nordvest for funnstaden ligg og gamletunet på bruket.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funnstaden vart observert i maskinelt gravde søkje-sjakter. Attmed berget ligg det restar av eit godt markert trekolhaldig lag under ein halv meter med jord og sand/grus. Lokalitetsflaten ser ut til å ha lege innunderbergnabben og utnytta ei naturleg krå i terrenget. Spreiinga av trekol i profilsnitta tyder på ei utstrekning påvel 70 kvadratmeter. Det vart konstatert ei nedgraving isamband med laget med trekol. Denne er vel halvmeteren brei og djup. Profilgrøfta skar igjennom omlag halvdelen og viser at nedgravinga truleg har hatt ei rund form. Den horrisontale plasseringa viser at dengår frå undersida av det trekol haldige laget og ned iden sterile undergrunnen. I frå nedgravinga vart det tatt ut prøve for radiologisk datering. Denne gav datering til yngre bronsealder. Det vart ikkje gjort funn av steinreiskap eller spor etter tilverking av slike påstaden. Sjaktene viser at strategrafiene er noko ulik påulike stader av lokaliteten. Overdekkinga er på vel meteren. Lengst mot sør er overdekkinga langt mindre enn i nord, her er i dag dyrka mark og grasbakke. Her er vel 20-30 cm. med masser. Radiologisk prøve datert av Beta-laboratoriet gjev verdien: 2670 +/- 90 BP (Beta 122879).Kalibrert vert verdien rundt 815 f.kr. eller i midten av yngre bronsealder. Det er tidlegare ikkje kjend buplassfunn frå denne perioden i regionen.