• 106368-1

    id
    • 106368-1
    navn
    • Setravik - Lok. 2, Grunnavågsneset
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Det vart påvist 3 lokalitetar frå steinbrukande tid innanfor reguleringsplanen sine grenser. Lokalitetane ligg alle innanfor eit mindre område på om lag 100 meter i lengd og ca 70 meter i breidd mellom StordHavbrukspark AS sine lokale i nord og reguleringsplanen si grense i sør. Storparten av busetnads- og aktivitetsspora skriv seg mest truleg frå siste deler av eldre steinalder, mellommesolittikum og seinmesolittikum, ca 8000 ¿ 6000 BP (dvs før notid.).Alle lokalitetane vart registrert i perioden 28.08. 2001 ¿ 04.09. 2001. Den utvida registreringa 29 og30 november 2001, stadfesta inntrykket av lokalitetane 2 og 3, medan fleire andre stader i områdetsom hadde gjeve funn av usikker karakter under den første registreringa no vart avkrefta. Beskrivelse fra Enkeltminne: Lokaliteten ligg 70 meter sørsøraust for lokala til Stord Havbrukspark AS, nær ei lita loddrett bergflate inordenden av eit over 200 meter langt og opp til 25 meter breidt drag som går i nordnordaust -sørsørvestleg retning. Mindre enn 10 meter nord for lokaliteten ligg det deponert jordhaugar. Nord for desse er alt utbygd anleggsområde som er planert ned til 2-meterskoten. Nokre meter sør forlokaliteten skjer eit lite skar seg inn i austre sida av draget som ein kile. Lokaliteten er liten, truleg ikkjestørre enn ca 5 x 5 meter. Vegetasjonen på staden er forholdsvis tett med ein del store og mindre furutre, noko brake, røsslyng, myrgras og eit par bjørketre. Funnbiletet er noko problemfyllt, med både eldpåverka, vassrulla og eksponert flint. Truleg er dette ein transgredert lokalitet. Alle funna, også dei frå prøvestikk 2 som vart teke 29.11.2001 under den utvidaregistreringa, er gjort under, og i eit lag med nevestor og større stein. Stratigrafi: Det vart teke 4 prøvestikk i samband med den første registreringa og eit var funnførande. Øvste 40 cm. var torv og våt myrjord, vidare ca 35 cm med ljos grå utvaska sandhaldig grus med ein del nevestor og noko større stein i. Det er i, og under dette laget funna ligg, men korleis funna er fordelt i laget ervanskeleg å seie då prøvestikket fort vart fylt med vatn. Finare sand dei siste 5 cm i botn, ned mot fastfjell. Dei 3 avgrensande prøvestikka var negative. Her var torv- og myrjordlaget på det meste opp mot60 cm tjukt. Ved den utvida registreringa vart det teke to prøvestikk til. Eit negativt inne ved bergflata, og eit positivt(kun eit vasspåverka avslag) som vart teke mindre enn 1 meter aust for prøvestikk 1. Stratigrafien for dette siste var, ikkje uventa, ganske lik prøvestikk 1, men det var noko meir stein i det ljos grå sand/gruslaget. Også her var det problem med at prøvestikket fort vart fyllt med vatn. Funn: Det vart funne 6 avslag i flint, av desse ser dei fleste vassrulla ut. 1 avslag er eldpåverka. Ei tvilsamknuseflis i røykkvarts. Datering til eldre steinalder, siste halvdelen av mesolittisk tid. Dette ut frå at lokaliteten ser ut til å vere transgredert. Sjå strandforskyvningskurve.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-02-15T11:23:39Z
    kommune
    • 4614
    kulturminneId
    • 106368-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 106368-1
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 2007-10-19T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    opprinneligFunksjon
    • 1200
    datafangstdato
    • 2001-08-30T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-02-15T11:23:39Z
    oppdateringsdato
    • 2021-03-22T08:58:58Z