Beskrivelse fra lokalitet:
et vart påvist 3 lokalitetar frå steinbrukande tid innanfor reguleringsplanen sine grenser. Lokalitetane ligg alle innanfor eit mindre område på om lag 100 meter i lengd og ca 70 meter i breidd mellom Stord Havbrukspark AS sine lokale i nord og reguleringsplanen si grense i sør. Storparten av busetnads- og aktivitetsspora skriv seg mest truleg frå siste deler av eldre steinalder, mellommesolittikum og seinmesolittikum, ca 8000 ¿ 6000 BP (dvs før notid.).Alle lokalitetane vart registrert i perioden 28.08. 2001 ¿ 04.09. 2001. Den utvida registreringa 29 og 30 november 2001, stadfesta inntrykket av lokalitetane 2 og 3, medan fleire andre stader i områdetsom hadde gjeve funn av usikker karakter under den første registreringa no vart avkrefta.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten ligg ca 135 meter sør for lokala til Stord Havbrukspark AS, midt i det store nordnordaust -sørsørvest orienterte draget like ved der det smalnar inn opp mot høgste punktet i draget før det skrårnedover att mot myrflatane nord for Bleikjevika. Mot nordvest grensar lokaliteten mot lyngkledd skarv og i søraust mot bergveggen under ein vel 35meter høg bergkolle. Like sør for lokaliteten byrjar eit ¿platå¿ å heve seg. Dette platået ligg mellom denfør omtala bergkollen og draget. Dette platået har ca 10 meter sør for lokaliteten ei markert loddrettbergflate, om lag 2 meter høg ut mot draget. Lokaliteten er smal og lang, går nærast i 90 graders vinkel.Avgrensa av prøvestikka er måla på lokaliteten over 25 x 5 meter. Ser ein derimot prøvestikk 1, 2, 5 og 6 som ein eigen lokalitet (ut frå funnmateriale og stratigrafi), er måla om lag 15 x 5 meter. Området ser urørt ut og er tilvakse med røsslyng, ulike sortar myrgras, nokre større og mindre furutre og noko brake. Stratigrafi: Ca 15 cm torv og myrjord i prøvestikka 1 og 2. Vidare om lag 25 cm med utvaska ljos grå sand / grus. I prøvestikk 1 var det raudmold nedover i nedste laget. I prøvestikk 3 og 4 var situasjonen annsleis. Her var det bort i mot 25 cm torv og myrjord, så eit forholdsvis homogent grått sandhaldig gruslag, finare enni dei to andre prøvestikka. I prøvestikk 5 eit 12-13 cm torv/myrjordlag, vidare overgang mellom dette og ljost grått utvaska sand- og grushaldig lag på ca 5 cm. Vidare eit reinare ljost grått utvaskingslag avsand/grus. Så eit grusblanda raudmold på 13-14 cm. og til sist steril gråbrun silt/sand. Lagsamansettinga i prøvestikk 6 likna på det i 5, men hadde eit djupare lag av sandblanda raudmold, ca 25 - 28 cm. Funnmateriale og datering: Funna av flint frå prøvestikka 3 og 4, pluss det eine flintavslaget frå prøvestikk 1, har karakter av å veravassrulla og/eller eksponert og høyrer truleg til ein eldre fase. Det vart ved den utvida registreringa funne mellom anna to mikroflekker, ei i prøvestikk 5 og ei i prøvestikk 6, som indikerer datering av lokaliteten til siste halvdel av mesolittikum.