Haug, nå berre fotmerke og ein liten høgning att, om lag 15 m i tvm. Haugen er overdyrka, før var han tydelegare og med eit søkk i midten. Ingen veit om funn. Utgraven 1977 (Alf Lejon). Under torva var åkerjord, derunder gulbrunt sandlag 10 - 20 cm tjukt på eit lag jord med trekol og bitar av brent bein. Ein stad låg noko stein samanrøysa på kollaget. Under kollaget var gråleg gamal åkerjord på aur med striper eller ard. To groper har vore skore ned før nyaste torvlaget grodde til, og dei gjekk ned i gjennom kollaget. Den eine gropa var steinfora, men var knapt kokegrop, den hadde to store steinar på botnen.