Lausfunn av koparmynt frå romertid. Funnen i graset på Hestasletto sommaren 1999 av Magnus Hovland Furnes. Heilt nøyaktig funnstad kunne ikkje påvisast. Det har vore gjort mindre terrenginngrep på sletta i aust mellom store steinblokker. Her har det vore grave og danna eit slags "podium" der t.d. songlaget har vore oppstilt. Det kan tenkjast at mynten har komme fram i samband med desse inngrepa.