Stein som har vore nytta i ei jernvinne er å finna att i grunnmuren på hytta. Utvendig er det ein stein i N veggen, 40 cm under bordkledningen, som har nokre smeltedråpar på seg, medan det er slagg på fleire steinar inne i kjellarmuren. Grunneigaren kunne ikkje hugsa kvar steinane var funne, men meina at det var i umiddelbar nærleik av hytta, i alle høve innanføre ein radius på 20 - 30 meter. Det vart stukke tett med sonderingsbor, men slagg var ikkje til å påvisa. Kanskje har anlegget lege på hytta si V side og slagghaugen der hytta no står?