Kolgropa er rund og ei av dei største i heile området. Indre diameter på ca 3,5 meter og ytre diameter på ca 6 meter. Kraftig voll rundt. Djupna er om lag 1 meter. Trekol er påvist i botnen. Kolgropa går mest truleg inn i same kompleks som dei to jernvinneanlegga (A:5 og A:58) og dei 8 - 9 kolgropene (A:1, A:2, A:4, A:7, A:8, A:10, A:57, A:60 og kanskje A:12) som er situert i same, til dels avgrensa området V for Hesjabakkmyrane.