• 108105-1

    id
    • 108105-1
    navn
    • Leirvik - Lok. 18 (1996)
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Sjakta vart i samband med registreringa i 1996 teikna i skala 1:100, der ein har dokumentert alle strukturane i overflata. Desse er igjen teikna i detalj i flaten i skala 1:10. Strukturane er og fotografert. Vidare vart dei avdekte strukturane snitta for å få fram nedre del av profilane. Massane frå snitta i strukturane vart sålda i 3,2 mm soll. Profilane til strukturane vart så dokumentert gjennom teikning. Stratigrafien under eit i det avdekte området var samansett av eit lag med torv, denne var ikkje meir enn vel 5-10 cm. Tjukk. Under dette kom eit åkerlag på vel 25 cm. Dette låg oppå eit sandlag, som og er undergrunnen. I nordenden av sjakta, opp mot vegen er det mindre sand og meir hardpakka leirgrunn. Lagdelinga i området verkar mykje omrota og ein har klare plogfurer synleg i vestre profil. Desse går delvis ned i undergrunnen og eit eventuelt kulturlag i eller under åkerjorda er no øydelagt. Lokaliteten vart nærmare undersøkt av Bergen Museum i 1997. Det vart då opna opp fem felt maskinelt på staden (I - V), men det vart berre funne førhistoriske strukturar i felta III og V, totalt 29 stk. 18 var nedgravinger av uviss karakter, 3 var (moglege) utpløygde eldstader, 5 var moglege stolpehol, medan 3 var eldstader. Det opna arealet viser fleire strukturar som kan ha samanheng med både jernalder og steinalder. Funnet av skiferspissen viser at ein har mellomneolittisk kontekstar her. Dateringane viser eit resultat der ein har skiferspiss deponert i ei nedgraving frå overgangen yngre bronsealder/førromersk jernalder. Eldstaden (struktur 1) har gjeve ei datering til 4210±70 BP. Dette viser at ein har påvist to bruksfasar på staden. Først har ein ein sein mellonneolittisk steinalderlokalitet som strekker seg utover området, truleg nordvestover. Over deler av denne har ein, ein fase datert til overgangen mellom yngre bronsealder og førromersk jernalder. Det er meir usikkert om denne fasen representerer ein busetnad eller om ein her har eit dyrkningsområde. Denne fasen har truleg forstyrra deler av steinalderlokaliteten noko. Strukturane frå førromersk jernalder er og delvis forstyrra av nyare tids dyrking. Den interne orden mellom strukturane ikkje dannar stolperekker slik ein kjenner frå undersøkte felt frå t.d. Hornnes, Førde Kommune Sogn og Fjordane (Diinhof 1996). Ei forklaring er at overflatelaget på lokalitet 18 er så tynt at fleire strukturar kan vera vekkpløyde. Totalt vart det opna 4150 m2.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-28T12:41:15Z
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 108105-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 108105-1
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1996-07-01T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    opprinneligFunksjon
    • 1200
    datafangstdato
    • 1996-07-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-03-28T12:41:15Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z