Lokaliteten er ein liten steinalderbuplass. I samband med registreringa i 1996 vart det tatt tre prøvestikk på lokaliteten, der to var funntomme. Staden vart vidare undersøkt av Bergen Museum i 1998. Her vart då opna opp eit område på 13 m2 kring det positive prøvestikket. Stratigrafien viser at lokaliteten ligg på eit skrint lag av sand og stein. Dei topografiske tilhøva tilseier at ein her har små lommer av grusavsetningar. Over dette eit 20 cm. tjukt torvlag, der det er gjort funn. I området har det vore liten landbruksaktivitet ettersom ein i dag har eit vel 10 cm. tjukt lag av røter. Området har i tidlegare tider vore beitemark. Det sentrale buplassområdet lå i ein dump, med bergknausar som møtte kvarandre i botn av det utgravde feltet. Dette er ein liten lokalitet som truleg kan verte datert til tidlegneolitikum.