I samband med registreringa i 1996 vart det tatt 2 prøvestikk på lokaliteten, der eit er funnførande og dokumentert i profil. Vidare vart lokaliteten teikna i flaten. Under avverkinga av skogen er lokaliteten skadd av rotvelt. Lokaliteten vart utgravd av Bergen Museum i 2001. Det vart opna opp eit felt på 29,75 m2. Tra stratigrafiske lag kunne skiljast ut; lag 1 - torv, lag 2 - grått sandlag (funnførande) og lag 3 - raudbrunt sandlag. Den austlege delen av lokaliteten var mykje omrota av rotvelt og røter, samt av skade gjort i samband med bygging av golfbana. Lokaliteten er realativt liten, og har truleg to fasar: seinmesolittisk og tidlegneolittisk.