Brygge av tørrmura steinar, ei av dei best bevarte langs Sirdalsvatnet. Rutebåten "Fram" la til her frå 1885 fram til 1925 då garden Strandeli blei fråflytt. Den opphavlege brygga blei bygd i 1855, men forbetra i 1915. Etter at vatnet blei senka i 1967, har brygga sige og rast noko ut.