• 108474

    id
    • 108474
    navn
    • Fitjar - Lok. 3, Havn
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Lokalitet 3 ligg sør sørvest for lokalitet 2 og rett aust for det gamle bruket. Lokaliteten ligg på ei flate og skilt frå lokalitet 2 ved eit drag som går aust - vest. Lokaliteten er grasvaksen. Lokaliteten er som dei andre to lokalitetane avgrensa austover av steingarden. Prøvestikk 6 og 7 gav ikkje funn. Her er ikkje slike avsetningar som på flaten vest for steingarden. Mot sør er lokaliteten naturleg avgrensa av ei helling, i vest er berg og litt lenger mot sør ein avsats ned mot det gamle tunet. Den nordre delen av lokaliteten er temmelig skrinn og her heller terrenget ned mot draget mellom lokalitet 1 og 2. Lokaliteten ligg på mellom 17-19 m. På den nordre delen av lokaliteten, vest for steingarden, ligg ei tuft 6,5 x 9 m orientert vest sørvest - aust nordaust og nord nordvest - sør søraust. På den austre sida av steingarden ligg ei nyare tids tuft bygd saman med steingarden. Det blei tatt i alt 7 prøvestikk på lokalitet 3. To av prøvestikka var positive, prøvestikk 4 og 5. På heile flata er torva ca 10-15 cm tjukk med ein brun farge. I prøvestikk 4 kan laget under karrakteriserest som eit dyrkingslag med grus og noko trekol. Laget er 25 cm tjukt og funnførande. I prøvestikk 5 er det to funnførande lag. Det øvre likt det i prøvestikk 4 og 12-15 cm tjukt. Det nedre ser meir ut som eit eldre humushaldig lag med sand, 8-10 cm tjukt. Laget er tolka som eit eldre dyrkingslag. Den sterile undergrunnen består av raudbrun grus med noko stein. I tufta vart det teke eit prøvestikk men det vart ikkje funne gjenstandar eller materiale som kunne datere tufta. Ut frå forma på tufta må ein likevel rekna med at ho er gamal ¿ mogleg middelalder. Datering lokalitet: Steinbrukande tid
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-04-27T13:31:11Z
    kommune
    • 4615
    kulturminneId
    • 108474
    antallEnkeltminner
    • 2
    lokalId
    • 108474
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • IKKEV
    vernedato
    • 2001-12-20T00:00:00Z
    datafangstdato
    • 2001-12-20T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-04-27T13:31:11Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z