Beskrivelse fra lokalitet:
Denne gravhaugen var ein stor rundhaug som for det meste bestod av rullestein. Bonden køyrde bort gravhaugen i 1883, derfor er kartfestinga omtrentleg, men bruket heiter enno "Med hauan". Då bonden køyrde bort gravhaugen, kom han til ei diger hellekiste som var 2 1/2 m lang, 80cm brei og 50cm høg. Bonden fann mykje gods i haugen, men han mindest ikkje korleis godset låg. Bonden la funna på loftet, og mange funn kom bort. Ein lærar kjøpte funna og kontakta museet i Bergen. Funna var to krukker av leire, noko av eit kar av bronse, ei spenne av bronse, 3 spelebrikker, ei perle av grønt glas, eit tvieggja sverd av jern og ein knapp av bronse dekorert med andletsmasker. (Denne bronseknappen var klinka til skaftet på sverdet; bronseknappen viser fire mannehovud og liknar på slike ein har funne i Danmark).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tidlegare rundhaug. Inni hadde han eit gravkammer. Gravfunn: Delar av eit rusta sverd, ein bronseknapp som har høyrt til hjaltet (dekorert med fleire andlet), to krukker, bitar av bronsekar, bronsespenne, spelebrikker og ei grøn glasperle. Nokre av funna ligg på Historisk Museum i Bergen. Gravhaugen blei jamna ut i 1883. I 1908 blei det funne ei branngrav med ein bit av ei leirkrukke frå folkevandringstida.