Beskrivelse fra lokalitet:
I bytet mellom bnr 2 og 7 på Ytre Vatne låg ein stor haug på 26 m i tverrmål og høgde 3-4 m. I 1882 blei det funne eit spinnehjul av kleberstein i ein enno ikkje heilt utgraven gravhaug på Vatne (han kan ha vore denne gravhaugen). I 1882 blei det også funne ein eldslagningsstein og noko av ei leirkrukke i restane av ein stor gravhaug på Vatne (han kan ha vore denne gravhaugen). Denne gravhaugen blei i alle fall arkeologisk utgraven i 1935, og då såg det ut til at han aldri hadde vore opna før. I midten av haugen låg det ei røys på 8-9 m i tverrmål. Under røysa låg det eit brannlag dekka av never. Brannlaget var opptil 20 cm tjukt. I dette brannlaget blei det funne følgjande ting: Fleire skår av leirkrukker, ein bit av ein kam av bein, rundt tolv spelebrikkar av bein, ein liten betalingsring av sylv, ei reimspenne av bronse, restar av spenner, jernbitar og slaggklumpar.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I bytet mellom bnr 2 og 7 på Ytre Vatne låg ein stor haug på 26 m i tverrmål og 3-4 m i høgde. Han blei arkeologisk utgraven i 1935. Han hadde aldri vore opna før. I midten av haugen låg det ei røys på 8-9 m i tverrmål. Under røysa låg det eit brannlag som var dekka av never. I dette brannlaget blei følgjande funne: Fleire bitar av leirkrukker, ein bit av ein kam av bein, restar av spelebrikkar av bein, ein liten ring av sylv, ei reimspenne av bronse. Elles på garden er det funne eit spinnehjul av kleberstein m.m.