Beskrivelse fra lokalitet:
Gravhaugen skulle køyrast bort til vegfyll i 1878. Steinkista var 5,27 m lang, vend A-V. Inne i steinkista låg det eit sverd med forgylt hjalt og knapp med dyreornementikk, der låg fire spjot, ein pilspiss, ei skjoldbule med handtakbeslag, ei øks, ein celt, to knivblad, ei saks og ein eldslagningsstein. Elles i gravhaugen låg det eit bronsefat med opprivne bular etter kanten, ein bronsekjel med innsvungen side, eit høgt grønt glasbeger, to trespann og eit spannforma leirkar. Til kleda høyrde eit vove belte, eit par hektespenner med forgylte sylvknappar og vene små forgylte sylvbeslag som må ha vore nagla fast til tøyet. Og så låg der tre betalingsringar av gull. Liket var kledd og hadde forgylte prydknappar og eit belte som var lukka av ei reimspenne av jern med stripar av sølv med beltestein, syl og saks. Liket låg på ein bjørnefell, var sveipt i teppe, og grava var fora med never.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Grav II blei oppdaga i 1878 då ein stor haug skulle køyrast bort. Gravgodset var særs rikt: Fleire våpen, m.a. eit sverd der handtaket var innlagt med gull og sylv, ei skjoldbule, betalingsringar av gull, bronsekjele, glasbeger og mykje meir.