Beskrivelse fra lokalitet:
Den segnvarianten som står i bygdeboka: På 1800-talet reid eit brudefylgje frå Verdal til Eikjen. Brudgomen leidde hesten som bruda sat på. Hesten gleid og ramla med bruda på, ned i hylen (hølen). Det var om vinteren, og hylen fraus til, så dei fann ikkje liket. Det skal ennå liggja brudesylv på botnen. (Denne segnvarianten høyrest utruleg ut, for det er ein svært liten hyl). --- Den segnvarianten som Aanen T. Eiken fortalde: Ei brud og foreldra hennar kom gåande, og så møtte dei brudgomen og far hans. Då miste bruda reisla (ei brudekrone av tøy og stas). Dette tok far til brudgomen som eit varsel om at det ville bli eit vanskeleg ekteskap. Derfor puffa han bruda ut i hylen så at ikkje son hans skulle bli gift med henne.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Her miste bruda reisla (hovudstasen) sin. Dette tok far åt brudgomen opp som eit ringt varsel; derfor puffa han den tilkomne svigerdottera ut i hølen for å bli kvitt henne.