Tufter etter støl under garden Bryggjesåk, nedlagd år 1900, men ennå brukt som slåtte i nokre år. Då dei slo her i år 1910, fann dei ein daud bjørnunge, truleg ungen til den bingsa som vart skoten i Gards-Glypan i Åseral same året. Hovudskallen til bjørnungen ligg på Eiken skule. Høgt i lia ovanfor Mjåvasstølen ligg Mjåvasstonè som er planterik.