Her har det budd folk frå 1600-talet, kan henda lenger. Setehuset stod i vest og var inndelt i to rom: Stove i vest med kjellar under (som viser at det blei bygd på 1800-talet etter at jordepla blei vanleg dyrka) + eldhus i aust. Ein kan ennå sjå aren i søraustre hjørne. Det er blitt fortalt at det var veggfaste senger innmed bakveggen i stova, men det var ikkje tile under sengene, så sengehalmen låg like på auren. Uthuset stod i aust, men dette finst det berre ein grunnmur-vinkel att av. Det skal også ha stått ein bygning sør for Øvre Yksendalsvegen, kan henda eit bur. I 1865 heldt dei 2 kyr og 2 sauer, dei sådde 3/4 tønne havre og sette 2 tønner poteter. Salamonsbrukjet var bnr. 1 og er oppkalla etter den siste som budde her, Salamon Olsson f. Tveiti i Bykle. Han budde delvis også på Bjærum. Han flytte ifrå både Bjærum og Yksendal i 1886. Husa stod fram til 1940-åra og var dei siste av dei gamle husa som stod på Yksendal..