Under utlikninga av leidangsskatten i 1610 var garden Ross-Eikjeland auka med Halleland. I jordeboka for Listelen i 1618 var dette ein "ødegård" som var blitt tillagd Ross-Eikjeland. Halleland, uttalt etter den dialektiske uttaleregelen med dobbel d, blir Haddeland eller Haddeland Bratt. Her var altså fast busetnad tidleg på 1600-talet. Deretter har her berre vore støl under garden Ross-Eikjeland. Stølen gjekk under namnet Øydgarden i daglegtalen og var i bruk til rundt 1950.