• 110117-1

    id
    • 110117-1
    navn
    • Haugen
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Her låg det eit gravfelt. Ein av gravhaugane blei utgraven i 1807; då blei det funne ei gravkiste med urner og andre oldsaker. Ein annan gravhaug blei utgraven i juli 1820 då dei grov ut tufta til det gamle setehuset. Då grov dei seg inn i sørkant av gravhaugen og kom inn til ei gravkiste så stor at ein kunne krypa inn i henne. Bonden tok nokre ubrende bein med seg heim og la dei på ei hylle i stova, men dei blei så urolege at han la dei tilbake til gravkista. Presten Fleischer skreiv i 1821 til stiftsprost Engelhart at gravkista vende nord-sør og var 4,7m lang, 1,6m brei og 0,9m høg. I gravkista blei det funne: 1 tre-rada ring av gull, 4 leirkrukker (den eine var heil og blei innlevert, men blanda saman med funn frå gravhaugen på Trygsland), 1 glaskrukke, 1 rest av eit sverd, 1 stridsøks, 1 piggkule, 1 trestol, restar av klede med knappar på og med brynje, 1 stridslue og restar av ubrende bein. Det kan henda at eit bryne og 11 sylvknappar til ei hektespenne også høyrer til dette funnet. Det var ei mannsgrav frå 500-talet. Seinare blei gravkista fyld med jord for at ikkje rotter skulle ta inn der, og haugen blei jamna ut, men dekkhella blei teken vare på. Armringen av gull blei visstnok kjøpt av ein sorenskrivar frå Farsund mellom 1818 og 1856 då sorenskrivaren i Lyngdal heldt ting på dette bruket. I 1856-1880 var det sorenskrivaren i Mandal som heldt ting på dette bruket. Der var skyss-stasjon på dette bruket. I same haugen, inntil den største gravkista, låg det ei mindre gravkiste, vend aust-vest, men den er au jamna ut. 150 m sør for tunet låg det ein større haug som nå er sletta. I denne haugen blei det funne eit bein som ein konfirmant tok med seg heim. Beinet ville ikkje halda seg i ro heime, så derfor blei det lagt tilbake i haugen. 200 m sør for husa, men nord for ei hytte i skogen, låg der ei forhøgning som kan henda var ein gravhaug. ID 42221 er stroken av han var lik ID 110117. Beskrivelse fra Enkeltminne: Rundt 1820, då dei ville grava kjellar til det gamle setehuset, kom dei inn i sørkanten av ein gravhaug der det låg ei steinkiste så stor at dei kunne krypa inn i henne. Men seinare blei ho fyld med jord for å hindra rotter i år halda seg der, og haugen blei jamna ut, men dekkhella blei teken vare på. I steinkista blei det funne ubrende bein og ein armring av gull. Ringen blei kjøpt av sorenskrivaren i Lyngdal, Farsund, som heldt ting på dette bruket frå 1818 til 1856 (sorenskrivaren i Mandal heldt ting på dette bruket frå 1856 til 1880). I same haugen, inntil den største steinkista, låg det ei mindre steinkiste, men den er au blitt sletta. 150 m sør for tunet låg det ein gravhaug der det blei funne eit bein. Dei tok grus frå haugen og sletta han.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-08-13T13:37:50Z
    kommune
    • 4225
    kulturminneId
    • 110117-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 110117-1
    lokalitetsart
    • 20164
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 2007-08-13T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    opprinneligFunksjon
    • 1700
    datafangstdato
    • 2007-08-13T00:00:00Z
    opprettet
    • 2007-08-13T13:37:50Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z